På Fylkeslaget Vardens årsmøte den 12.april 2008 ble Vardenprisen tildelt
Ingrid Maurstad Tuko
Ola Lilleåsen, Leder i Varden, og Ingrid
Ingrid er en aktiv dame i folkedansmiljøet og fra grunngivingen for prisen sakses følgende
|
- Ingrid har instruert i Folkedanslaget Sølja sidan 1994, (14 år) - Ho har framleis hovudansvar for songdansen i laget. - I 1997 tok ho på seg instruksjonen i Vallset Folkedanslag, og har vore instruktør der sidan da. - Ho har halde kurs i dans for vaksne i Stange Kommune, bl.a. to begynnarkurs i Fransese. - Ho har vore mye nytta som danselærar i skolane, og har dermed halde utallige kurs i barne- ungdoms- og vidaregåande skolar både i Stange, Løten og Hamar i perioden 1986-2008. - Ho har instruert mye barnedans, og vore leiar for fleire barnelagsfestar. - Frå hausten 2007 overtok Ingrid instruksjonen i Elverum danselag, pluss i eit lite danselag i Brumunddal. - Ho starta og opp med seniordans for ei gruppe i Vang Pensjonistforening i 2007. - I vinter (2008) har ho og vore ”instruksjonsmedhjelpar” i Vestadringen, og ho har hatt danseinstruksjon for elevar og lærarar på Jønsberg Vidaregåande Skole både i skoletida og på kveldstid. Slik at ho etter jul dette året har instruert dans i 7 ulike grupper. - Ho instruerer i barneleikar, runddans, songdans, turdans, kontradans, linedans og swing etter behov. - Det må og nemnast at ho i perioden 1986-87 satt i styret i Folkedanslaget Sølja. - I perioden 1998- 2003 (5 år) var ho styreleiar i Sølja. (Ho er den som har lengst fartstid som leiar i laget) - Det må og nemnast at ho i perioden 1986-87 satt i styret i Folkedanslaget Sølja. - I perioden 1998- 2003 (5 år) var ho styreleiar i Sølja. (Ho er den som har lengst fartstid som leiar i laget) - Ho har vore ein god ambassadør for norsk folkedans på Sølja sine turar i utlandet, ved at ho har instruert norsk folkedans og leia framsyningar. Spesielt må nemnast at ho var den eine av tre instruktørar på ”Norsk Folkedansstemne” i Seattle i 1999, og at ho var hovedinstruktør på samme ”stemne” i 2006. ”Norsk Folkedansstemne” er eit opplæringsarrangement i norsk folkedans for danseleiarar i Sons of Norway-foreningar i USA. - Ho er interessert og aktiv i husflidsektoren. - Ho veileder i bunadsbruk og rettar opp, og reparerer bunader for folk. - I regi av husflidslag i Stange har ho halde fleire kurs i hekling, toving av ull og i gamle strikketeknikkar. - I regi av Folkedanslaget Sølja har ho halde kurs i brikkevev, i fingring av hosoband og i binding av pyntekostar med Bjørnemose. |